Idrettslaget Bjørn
Idrettslaget Bjørn vart skipa i mai i 1966:
"Det var ein flokk samfunnsinteresserte personar som i kvar si heimegrend gjennom fleire år hadde lagt ned ein stor arbeidsinnsats for å gje born og unge eit aktivt og trygt fritidstilbod. Ingen hadde tankar om at det vesle laget dei var ”fødselhjelparar” til skulle veksa seg så stort og på stutt tid bli ein så sterk kulturell institusjon som laget synte seg å bli. Men dei trudde på ideen og på folka som skulle setja ideen ut i livet -! Dei trudde på eit framhald av det som hadde vore før -!"
Dette utdraget er henta frå Bjønnaposten sitt jubileumsnummer i 2016, les heile teksten her.
Idrettslaget Bjørn femner om alle grendene frå Høyheimsvik til Mollandsmarki via Gaupne og til øvst i Jostedalen, samt medlemmer frå andre deler av kommunen og nabokommunen. Laget har aktivitetar innan fotball, handball, ski, symjing, trim, barneidrett og motorsport.